« Tilbake

 

  •  

VELKOMMEN TIL KULTURHUSET

Kommende arrangement

Program / Tante Ulrikkes vei

Tante Ulrikkes vei

Riksteatret på turné. Suksessboka blir teater! Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet.

Det er Noreg på 2000-talet. To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Foreldra hadde eit håp. Sjølv står dei midt i brytinga mellom drabantbyen og storsamfunnet, mellom vaskehallen og studentkantina, karakterar og keef. 

Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone. 

Med Tante Ulrikkes vei har det lokale blitt globalt. Ei historie frå ein drabantby i Oslo har blitt til ei historie som angår oss alle, uansett kor i landet vi bur. Riksteatret er glade for at vi får lov til å bringe Det Norske Teatrets sceneversjon ut på turné til heile landet.

Forestillingslengde: 1 time 40 minutter (ingen pause).

Onsdag, 29.april, kl. 19:00

  • Sal: Kong Rakne
  • Kategori: Teater
  • Pris voksne: 435,- inkl. avgift
  • Pris honnør: 355,- inkl avgift
  • Pris student: 235,- inkl avgift
Kjøp billett

Ullensaker Kulturhus - Tlf: 66 10 80 00
Rådhuset, Furusethgt. 12
Postboks 470, 2051 Jessheim

Personvern og cookies